
BIO
Halvard Fossheim

Eg er Halvard Fossheim, ein engasjert og dedikert musikkteaterutøvar fødd 09.03.1998, opphavleg frå Leikanger i Vestland fylke, no basert i Oslo. Med ei lidenskap for scenekunst og musikkteater, byrja min reise på folkehøgskulen Viken der eg aktivt deltok i oppsettinga av "Hair the musical", og tok på meg rolla som Claude Hooper Bukowski. Dette har seinare inspirert meg til å forfølge ein karriere innan musikkteater.
​
Eg har ein fullført bachelorgrad ved Musikkteaterhøgskolen og har sidan vore engasjert i frilansarbeid innanfor feltet, parallelt med deltidsarbeidet mitt på Vega Scene. Min yrkeserfaring inkluderer ein periode med Live Business i London, der eg var ein del av teamet som samarbeidde med TUI og opptrådte i musikaloppsettingar på Kreta. Etter denne internasjonale erfaringa, har eg vendt tilbake til Norge der eg underviste i teater ved Firda VGS før eg tok tilbake til Oslo og stillinga ved Vega Scene. På Vega Scene jobbar eg ikkje berre med vertskap, men også som lydteknikkar, lysteknikkar og sceneteknikkar, der eg er med på å sikre ein heilskapleg og kvalitetsrik teateroppleving for publikum.
Vidare har eg vært eit aktivt medlem av teaterkompaniet Bøllefrø, der vi har produsert og framført eigne teaterstykke ved anerkjente festivalar som Oslo Fringe og Trondheim Fringe.
Om somrane bidrar eg til suksess festivalen "Tamber i Tunet", ein rockefestival i Leikanger, der eg ikkje berre bidrar som musikar, men også som teknisk sjef. I tillegg til min sceneerfaring har eg ein solid bakgrunn innan musikk, med tre års intensiv trening på gitar som mitt hovudinstrument, supplert med erfaring på piano gjennom Firda VGS.
Eg ser fram til å vidareutvikle mine ferdigheiter og bidra til nye kunstnariske prosjekt. Med min lidenskap og erfaring er eg klar til å ta fatt på nye utfordringar og fortsetje å skape magi både på og bak scena.